Om veggkorger:
Denne korgtypen eg underviser i her, er ein variant av ein som tradisjonelt er laga i Sverige er utruleg fin og hendig utgave. Korgene vert utruleg
lette og sterke, og vakre!
I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i
splitta materialer. Ein delte pinner for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinner like, så dei må bearbeides for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg.
Denne bearbeidinga gjeres for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige materialer. Deltakerne vil lære å splitte og bearbeide materiale for hand og lager alt materiale til egne korger.
Kurset er i regi av kurvmaker Hege Iren Aasdal og Kulturhus Kruttverket, i forbindelse med Utstillingen - Korgtradisjonar i Noreg
Dette kurset varer i 2 dager:
Torsdag 30.Jan kl17.00 - 21.00
Fredag 31.Jan kl10.00 - 18.00
*Påmelding er bindende
Om kursholder Hege Iren Aasdal:
https://kurvmaker.no/
Eg har sveinebrev som korgmakar og har i 2020-2023 hatt eit stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Eg brenn for å produsere korger direkte frå naturen rundt meg, og å vidareføre tradisjonar og kunnskap både om bearbeiding av dei, og om fletteteknikkar.
Eg hauster materiala til korgene min lokalt og bearbeider dei til jamne, mjuke og føyelege band som eg fletter korgene av. Dette er ein tidkrevande prosess som krev materialkunnskap, og erfaring, noko som gjer produkta heilt unike.
Med dette som grunnlag fletter eg haldbare, praktiske og vakre korger basert på og inspirert av våre rike korgtradisjonar.